Får dobbel spelestønad

Fleire idrettslag som får tippemidlar gjennom Noregs Idrettsforbund, mottar også pengar frå omstridde -spele-aktørar på internett.

– Det er usolidarisk, og undergrev det norske idrettsfellesskapet, meiner kommunikasjonssjef i Norges Idrettsforbund (NIF), Per Tøien.

Omgår norsk lov. Då regjeringa gav Norsk Tipping monopol på å ha speleautomatar, dukka det opp aktørar som omgår det -norske lovverket. Med norsk namn, flagg og språk lokkar Norgesautomatennordmenn til å gamble på internett. Dei tilbyr mellom anna dei forbodne spele-automatane. Fordi nettstaden er registrert i -Malta treng dei ikkje ta omsyn til norsk reglar.

Idrettslag som er medlem i NIF får ta del i overskotet til Norsk Tipping gjennom mellom anna grasrotandelen. Fleire lag nøyer seg ikkje berre med denne tippekaka, og søkjer i -tillegg midlar fråNorgesautomaten, som har sin eigen «grasrotandel». Dette tykkjer NIF er usolidarisk.

– Vi tykkjer ikkje det er greitt at våre medlemmar støttar ein aktivitet som undergrev Norsk Tipping, seier Tøien.

Tre millionar.Vålerenga Håndball Junior, Greåker Idretts-forening, Strømsgodset KFUK-KFUM, Hinna Fotball og Stavanger Døves Idrettsforening er mellom laga som rir begge veddeløpshestane. Over 170 lag og foreiningar er registrerte som stønadsmottakarar hjåNorgesautomaten, som i 2011 deler ut omkring 3 millionar kroner til dette føremålet. Svenske Cherry, som eig Norgesautomaten, vil ikkje opplyse kor store inntekter- portalen har, men fortel at -samla drog deira fem speleportalar inn 116 millionar kroner i 2010.

Kan berre oppmode. For NIF er det ikkje aktuelt å sparke ut klubbar som vel å samarbeide med Norgesautomaten. Berre særforbunda, som Norges Håndballforbund eller Norges Fotballforbund, kan vedta sanksjonar.

– Vi kan oppmode forbunda til handling. Det har gjort fleire- gonger, ved å sende dei kopi av lista over Norgesautomatens samarbeidsklubbar, forklarer Tøien.

Då ishockeyklubben Manglerud Star inngjekk eit samarbeid med internasjonale speleselskap, erta dei på seg Norges Fotballforbund.

Resultatat var at Manglerud droppa den planlagde draktreklamen, sjølv om dei fekk medhald i norsk rettssystem.

– Eg trur dette viser den gjengse politikken i heile sær-forbundsleddet, seier Tøien i NIF.

idrett. Noregs Idrettsforbund brukte i 2008 mykje pengar på ein kampanje som åtvara nordmenn mot å spele på internasjonale nettspel. Idrettskjendisar som Olaf Tufte, Per Ciljan Skjelbred, Alexander Tettey og Marit Breivik figurerte med påskrifta «Frivillig innsats og spillemidler er bærebjelker i norsk idrett. Vi er like avhengig av begge».

– Vi får ingen pengar over statsbudsjettet, og er avhengige- av midlane vi får frå Norsk Tipping. Difor har vi vore lojale overfor den norske monopolmodellen, påpeikar Tøien.

I fjor hadde Norsk Tipping speleinntekter på 14,7 milliardar kroner. Det er vanskelig å talfeste- kor mykje nordmenn spelar på utanlandske nettstader, men Lotteritilsynet estimerar omsetninga til 4,7 milliardar kroner.

marknadsføring. Bjørn Honerud Grene er ansvarleg forNorgesautomaten. Han meiner det er ei misforståing at dei konkurrerer med Norsk Tipping.

– Vi har jo ingen av dei same spela, påpeikar Grene.

Han innrømmer at deira «grasrotandel» i høg grad handlar om marknadsføring og image.

– Vi er genuint interesserte i å støtte idrett og kultur, men det er sjølvsagt eit kommersielt bakteppe, seier Bjørn Honerud Grene.