Norsk Tipping skal vinne unge med nettkasino; fakta Norsk Tipping

- Fra høsten av kommer nettspill i regi av Norsk Tipping. Norsk Tipping planlegger nettspill som Monopol og Wordfeud med penger i  - ...potten.

– Fra høsten av kommer nettspill i regi av Norsk Tipping. Norsk Tipping planlegger nettspill som Monopol og Wordfeud med penger i
– …potten.

I løpet av eit år lanserer Norsk Tipping ei storstilt satsing på internett. Organisasjonen Spillavhengighet Norge er sjokkert.

Kasino, bingo, underhaldningsspel og skrapeprodukt. Alt blir lansert på internett i løpet av eit år i regi av Norsk Tipping. Det statlege norske spel­monopolet har i dag 26 prosent av den norske nettmarknaden for spel, utanlandske nettstader har 61 prosent. Fem milliardar kroner reknar norske myndig­heiter med forsvinn ut av landet til utanlandske spelaktørar som gjev null tilbake til norsk idrett og kultur. Det er desse pengane Norsk

Tipping vil ha tak i. Dei har fått politisk klarsignal til å gjennomføre satsinga på nett.
- Vi skal styrke Norsk Tipping, og flytte pengespela over til ansvarlege tilbod på internett, seier statssekretær Mina Gerhardsen (Ap) i Kultur­departementet.

Kraftig fornying

Administrerande direktør Torbjørn Almlid i Norsk Tipping varslar ein kraftig fornying av spelportefølgjen i Norsk Tipping.
– Vi skal utvikle såkalla nettbaserte spel, og dei vil openberre seg i marknaden om eit år. Vi håpar det blir gjort på ein slik måte at det ikkje skaper større utfo

rdringar enn vi kan forsvare, seier Almlid.
Det var under Pengespel­konferansen i regi av Lotteri­tilsynet i Førde for kort tid sidan at han presenterte den nye strategien til spelselskapet, som gjev avgjerande bidrag til idrett og kultur Norge rundt. Almlid opplyser at Norsk Tipping nærmar seg fire milliardar kroner i årleg bidrag til norsk samfunnsliv.
I tillegg til nettspel skal dei innføre andre spel som etter planen skal gje høgare inntekter.
–  Det er i talspel, eksempelvis Lotto, at dei store pengane ligg. Og dei store premiane trekk til seg publikum. Eurojackpot blir lansert neste år. Det er eit spel vi skal ha i samarbeid med dei nordiske landa, Tyskland, Italia og Spania, fortel Almlid.

Spelar på mobilen

Til liks med mediebransjen, opplever også spelbransjen raske endringar i forbruks­mønsteret. Også spelentusiastane tyr til apper for smart­telefoner.
- Vi reknar med å omsetje for ein milliard kroner på mobil i år. Mobilmarknaden stig kraftig. På dette området er vi best i verda, meiner Almlid.
Han presenterer kurver som tydeleg viser at vaksne nordmenn i stor grad brukar Norsk Tipping når dei skal spele, men at ungdomen gjer det i mindre grad. Teorien er at ungdomen vel internasjonale spel­selskapet på nett. Desse spelselskapa har gjerne base på Malta eller i Baltikum, og er ulovlege etter norsk lov. Norske styresmakter har innsett at dei kjempar ein fåfengd kamp mot dette systemet. Utanlandske spelselskap gjev betre odds enn det Norsk Tipping klarer, sidan Norsk Tipping har krav til avkastning til gode formål i Norge. I staden for å hindre utanlandske spelselskap på nett, tek Norsk Tipping no opp konkurransen.

Aukar inntektene

- Ungdomen brukar nett. Vi må bli betre på nett for å skape meir pengar til Norsk Tipping, seier Almlid til Bergens Tidende. Det er ikkje riktig at inntektene til Norsk Tipping har gått ned siste åra, slik ein kan få inntrykk av.
- Inntektene våre har auka med tre-fire prosent kvart av dei siste åra. I år blir det meir.
- Kva med oddsen til Norsk Tipping?
–  Den regulerer vi opp. På LiveOddsen vår har vi til dømes gått opp i premiepott, sjølv om vi ikkje er heilt på same nivå som dei vi konkurrerer mot. På nettspel skal vi vere så høgt i premiar at vi betaler tilbake 80-90 prosent av innsatsen, lovar Almlid.

Usemje om spelproblem

Ikkje alle har sansen for forretnings­strategien til Norsk Tipping. Region­ansvarleg Camilla Bernhart i organisasjonen Spillavhengighet Norge seier dei vart sjokkerte då dei fekk vite om planane til Norsk Tipping.
- Vi blei sjokkert og tekne på senga, seier ho.
- Norsk Tipping framstiller seg sjølv som ein «snill» aktør i denne marknaden, som tek omsyn til spelarar som er i ferd med å bli avhengig. Er det ikkje bra å få dette inn i eit regulert system?
- Vi er ikkje positive. Nettspel er nettspel, og kasino er kasino., seier Bernhart.
- Er staten dobbeltmoralistisk?
–  Dei gjer dette for å få høgare inntekter, sidan utanlandske spelselskap et opp så store delar av marknaden. Korleis skal dei gjere dette meir ansvarleg enn utanlandske selskap? Skilnaden er at her går det til idrett og kultur, meiner Bernhart.

Under Pengespelkonferansen i Førde sa Torbjørn Almlid at det no knapt er nokon som ringer hjelpetelefonen for spel­avhengige, etter at det var stor pågang i den tida dei no ulovlege speleautomatane eksisterte. No er det Norsk Tipping som driv dei såkalla snille speleautomatane. 3500 av dei er utplasserte omkring i Norge. Men Almlid innser at kring to prosent av folket vil kunne utvikle spelavhengigheit.Bernhart kjenner seg ikkje att i denne skildringa av røyndomen.
- Det er ikkje færre som kontaktar oss enn tidlegare. Spesielt siste året har det vore ein auke. Dei som kontaktar oss, er så langt nede som det går an å kome. Det er det siste halm­strået dei grip etter. Dei har gjerne fått eit ultimatum heime frå ektefelle eller sambuar, og dei er nedsylta i gjeld.

Torbjørn Almlid er klar over dilemmaet Norsk Tipping står over for:
- Pårørandeforeiningar ropar varsku om spelproblem, fri­villig sektor ropar på meir pengar.

Mål: Vere ansvarleg

Regjeringa meiner spel­politikken som er lagt opp til, er ansvarleg.
- Vårt mål er å vere ansvarlege. Inntektene er bonus, seier statssekretær Gerhardsen.
Ho seier det er ulik motivasjon i spelpolitikken.
– Vår motivasjon handlar om å vere ansvarleg. Var målet å tyne mest mogeleg pengar ut av systemet, ville vi lagt om. Men vi har ikkje noko mål om det.
Gerhardsen seier inntektene til Norsk Tipping er stabile.
- Utanlandske spelselskap tek noko av marknaden, men ikkje så mykje, meiner ho.

Norsk Tipping held seg til spelereglar fastsett av departementet der målet er å formidle pengespel i trygge former under offentleg kontroll. Spelarane blir informert, lært opp og bevisstgjort, og har mellom anna tilgang til hjelpelinje.

Det blir også innført spelpause dersom nokon viser negativ åtferd, eller dei kan bli utestengt eller ekskludert.

Lov om Norsk Tipping vedteken i 1946, det vart gjeve konsesjon til drift i fem år.

Vedtektene godkjent i 1947 med staten (40%), Norges Idrettsforbund (40%) og Norges Fotballforbund (20%) som eigarar.

Første speleomgang gjekk av stabelen i 1948 med 12 engelske kampar på kupongen.

  • Omsetninga første heile driftsår (1949) var 37 millionar kroner.
  • Rekordomsetning på 16,2 milliardar i 2011.
  • LiveOddsen lansert i 2012 før fotball-EM.